Eit mogleg kjøp av butikkverksemda Johan R. Sunde, i tillegg til sal av Ålesund bedehus, er dei to sakene som skal opp på det ekstraordinære årsmøtet til IMF Sunnmøre tysdag 6. november.

Gjennom samtalar med Linbjørg og Johan Sunde frå våren 2018, har dei tilbydd IMF Sunnmøre å kjøpe butikkdrifta Johan R. Sunde AS. Dette fordi dei ynskjer å pensjonere seg, og har ingen i nær familie som ynskjer å overta drifta.

Johan R. Sunde AS hadde i fjor ei driftsinntekt på 23, 8 millionar kroner og eit resultat før skatt på 1, 6 millionar. Det er utanom ekteparet Sunde ni tilsette i bedrifta.

IMF Sunnmøre har danna eit aksjeselskap, IMF Sunnmøre Holding AS, som vil vere den juridiske eigar av verksemda.

Tidlegare har IMF Sunnmøre drive og eigd både kafè og bokahandel, og i dag driv dei både brukthandel, begravelsesbyrå, reiseselskap og barnehage. Styret ynskjer at årsmøtet skal uttale seg om det prinsipielle rundt det å eventuelt drive ein jernvarehandel i regi av IMF Sunnmøre.

Sal av Ålesund bedehus

Den andre saka på det ekstraordinære årsmøtet sin agenda, er sal av Ålesund bedehus. Dette huset har IMF Sunnmøre fått i gåve frå Ålesund Indremisjon i 2009. Ungdom i Oppdrag (UIO) har sidan 2015 leigd huset til si verksemd, og har vist interesse for å kjøpe dette.

Høyr intervjuet med krinsleiar i IMF Sunnmøre Johan Halsne om sakene til årsmøtet HER.