Laurdag 16. november er det 80 år sidan lasteskipet Donau la frå kai i Oslo med 529 jødar ombord. Totalt skulle 773 norske jødar bli sendt til Tyskland, bare 38 overlevde. Dei andre møtte døden i dei tyske konsentrasjonsleirana. Cissi Klein vert ofte kalla Trondheims Anne Frank. Berre 13 år gamal vert Cissi arrestert hausten 1942, og sendt sørover til Oslo saman med mange andre jødar frå Midt-Noreg. Etter nokre månader på Bredtveit fengsel går turen med båt til Polen i februar 1943. Så vert dei stua inn i krøtervognene på toget og neste stopp er konsentrasjonsleira Auschwitz. Det siste Cissi rekk å seie til ein av venene sine er at ingen skal få se at jeg gråter. Umiddelbart etter at dei kjem fram til fangeleira vert Cissi, broren Abraham og faren Wulf drepen i gasskammera. Mora Milla var sjuk når fangetransporten gjekk frå Noreg, og legane på Ullevål sjukehus greide å gjøyme henne og få henne over til Sverige. Ho busette seg seinare i Israel. Journalist i Adresseavisen Geir Svardal har no skreve bok om Cissi og familien hennar og til oss i Radio Sunnmøre fortel han noko av Cissi si historie