Mandag 6. februar inviterer Radio Sunnmøre til ny inspirasjonssamling. Denne gongen på Valderøy bedehus.

Vi har invitert Vebjørn Selbekk, sjefsredaktør i Dagen, til å dele nokre tankar rundt det å ha respekt for kvarandre i møte med andre livvsyn og verdisyn. Det er mange som opplever i dag at det å ha eit kristent verdisyn er tøft i møte med andre livssyn, og den motbøren ein møter gjer at det er vanskeleg å stå opp for det ein faktisk meinar og trur på. Korleis kan vi møte kvarandre med respekt og med framleis god tru på det vi sjølv står for? Vi håpar at vi denne kvelden kan bli inspirert av å høyre Vebjørn Selbekk sine refleksjonar og erfaringar rundt dette.

I tillegg har vi den gleda av å få høyre ei vokalgruppe frå Volda, nemleg MJU-Vocal. Det er ei gruppe beståande av fire personar, Gaute Øvereng (bass), Irene Åbrekk Kalvatn (sopran), Anne Marta Vinsrygg Vadstein (alt) og Svein Ola Lillestøl (tenor). Dei siste åra, også i år, har dei spelt inn nye songar og den siste heiter Tru, håp og gleder. Gruppa syng bevisst på nynorsk og tekstane handlar om livet.

Denne kvelden vil også dagleg leiar i Radio Sunnmøre, Ragnhild Kristine Vartdal Espelund, dele litt frå radioarbeidet til Radio Sunnmøre. Og det blir høve å gje ei gåve til arbeidet.