Inspirasjonssamling gav ny giv

Over 110 personar møtte fram under årets inspirasjonssamling med Radio Sunnmøre. Her syng Sarah og David Åström frå Sverige. Foto_Johan Behrentz.

Over 110 personar møtte fram under årets inspirasjonssamling med Radio Sunnmøre, som i år var plassert på Valderøy bedehus.

På programmet var det Bibelpraten med Johan Halsne og Arild Ove Halås i ein prat med dagleg leiar Ragnhild Kristine Vartdal Espelund. I tillegg vart det ein flott prat med Olaug Lillian Bjørke, regionleiar for Åpne Dører Møre & Romsdal, om kva betydning Bibelen har for forfulgte kristne og kva dei legg vekt på når dei les og forkynner frå Guds Ord.

Bibelpraten live med Johan Halsne, Arild Ove Halås og Ragnhild K.V. Espelund. Foto_Johan Behrentz.

Lovsongsteamet frå Ellingsøya song for oss, i tillegg til at vi fekk besøk av Sarah og David Åström frå Sverige. Dei frammøtte fekk også høyre oppdatert informasjon om Radio Sunnmøre sitt arbeid, og to av dei som har stått på for å hjelpe radioen med store tekniske utfordringar spesielt det siste året, Bjørn Tomren og Arne-Johan Helle, fekk ein stor takk og ei synleg gåve.

-Det varma hjartet å sjå kor mange som stiller opp på slike radiosamlingar, og ikkje minst å møte lyttarane ansikt til ansikt og høyre kor mykje radioen betyr for den enkelte. Det gjev meg som tilsett i radioen ein ny giv til å halde fram, og fortel meg at vi er på rett kurs med det vi held på med, fortel dagleg leiar Ragnhild Kristine Vartdal Espelund.

Lovsongsteamet frå Ellingsøya. Foto_Johan Behrentz.
Arne-Johan Helle og Bjørn Tomren vart takka for å vere ei svært god teknisk støtte for Radio Sunnmøre. Foto_Johan Behrentz.

To av damene som var der denne kvelden, og som er trufaste lyttarar til radioen, var Aud Ytterland og Jofrid Skjong. Arild Ove Halås i Radio Sunnmøre tok ein prat med desse to som du kan høyre HER: