Ein stor og variert salatbuffe vart servert i etterkant av programmet. Foto_Radio Sunnmøre

Ein stor og variert salatbuffe vart servert i etterkant av programmet. Foto_Radio Sunnmøre

Det var ei flott samling på Blindheim bedehus mandag 8. februar, då Radio Sunnmøre arrangerte inspirasjonssamling for sine lyttarar og støttespelarar. Det var vel hundre frammøtte som fekk servert flott program og nydeleg mat.

– Dette var ein koseleg og flott kveld, var mange av tilbakemelding frå dei som kom.

Inspirerande foredrag

Irene Krokeide Alnes, kjend for mange som songevangelist saman med Marit Stokken som duoen Marit & Irene, haldt eit flott foredrag om radioevangelisering. Krokeide Alnes har dei siste åra arbeidd halvt for P7 KristenRiksradio som programprodusent, der ho kvar veke har laga programmet Irenes Kvarter. Dette sendast på Radio Sunnmøre kvar fredag morgon.

Irene Krokeide Alnes delte av sine personlege erfaringar frå det å produsere desse programma, og ikkje minst frå virkningane denne type radiosendingar som Radio Sunnmøre sender har. Ho delte frå alle dei radiosendingane ho saman med Marit Stokken har fått vore med på direkte i etterkant av møter i ulike møteaksjonar, der dei har fått direkte og nære møte med lyttarane som har ein direkte respons på det dei har høyrd.

Minikonsert

Mot slutten delte Rune Sæther ein minikonsert med publikum, både kjente og mindre kjente songar. Mykje skryt og flotte tilbakemeldingar vart spontant gitt til Sæther frå publikum, etter vakker song av ei nydeleg stemme. Sæther hadde med seg pianist Synnøve Øye. Både Sæther og Øye er til dagleg lærarar ved Møre Ungdomsskule. Besøk Radio Sunnmøre si facebookgruppe (Radio Sunnmøre) for ein smakebit av konserten.

Dagleg leiar i Radio Sunnmøre, Ragnhild Kristine Vartdal Espelund, gav dei som møtte fram informasjon om radioarbeidet og la fram den nye turen Radio Sunnmøre til hausten skal arrangere til Oxford. Temaet er på den turen I C. S. Lewis sine fotspor.

Radio Sunnmøre sender på FM i 16 av 17 kommuner på Sunnmøre, og sender i tillegg på webradio til resten av landet.

Flott bedehus

Blindheim bedehus har nyleg pussa opp og fekk vist fram sitt flotte bedehus. Styret og forsamlinga serverte flotte salatar og kaker til glede for publikum, og det var rikeleg med mat.

Radio Sunnmøre takkar for ei flott gåve til radioarbeidet på litt over kr. 15000,-