I ungdomstida hadde John Inge Rolfsnes vanskeleg med å fortelje at han var ein kristen og kom frå ein kristen familie. Nyleg kom Rolfsnes ut med ein heilt ny song med namnet Jesus. Songen er ei bøn til Jesus om å sjå oss i vår svakheit og å vere oss nær. Rolfsenes håpar denne bøna kan vere ei bøn i denne spesielle tida. Høyr intervjuet med John Inge Rolfsens på Radio Sunnmøre.