Kjell Harald Otterlei er styreleiar i IMF Sunnmøre Holding AS.

Kjøpspapira er signert, og dagleg leiar er tilsett, for butikkverksemda Johan R. Sunde. IMF Sunnmøre oppretta IMF Sunnmøre Holding AS i 2018, etter å ha fått tilbod om å kjøpe butikkverksemda Johan R. Sunde. Styreleiar i i IMF Sunnmøre Holding AS, Kjell Harald Otterlei, fortel at kjøpspapira vart underskrive fredag.

Ekstraordinært årsmøte

Eit ekstraordinært årsmøte i IMF Sunnmøre før jul gav krinsstyret fullmakt til å sette opp eit holdingselskap som skulle ta arbeidet vidare med eit tenleg kjøp av Johan R. Sunde, som Johan og Linbjørg Sunde gav IMF Sunnmøre tilbod om i 2018. Fredag 4.januar vart kjøpspapira papira signerte, og IMF Sunnmøre Holding AS vart ny eigar.

Holdingselskapet har i tillegg tilsett ny dagleg leiar for butikkverksemda Johan R. Sunde. Den nye daglege leiaren er Even Dybvik, som har lang fartstid innanfor daglegvare. Han kjem frå Langevåg. og har god kjennskap til butikken Johan R. Sunde som kunde.

Støtta lag og organisasjonar

Even Dybvik er tilsett som ny dagleg leiar for Johan R. Sunde, etter at IMF Sunnmøre Holding AS vart ny eigar.

Johan R. Sunde har i mange år støtta mange lag og organisasjonar rundt på Sunnmøre, og dette er noko den nye eigaren ynskjer å halde fram med.

I tillegg er det planar om å pusse opp lokala i butikken i næraste framtid.

Høyr heile intervjuet med styreleiar Kjell Harald Otterlei HER.