I vekas program frå Åpne Dører med Olaug Lillian Bjørke får du bli kjent med sju år gamle Abraham og familien hans.

«God natt, mamma. Eg elskar deg! Du må aldri forlate meg!» 7 år gamle Abraham ser tillitsfullt opp på mamma Jina som sit på sengekanten i ei lita leiligheit i Syria. Det er berre dei to, og Abraham må forsikre seg om at mamma alltid vil vere der. I dagens program får du bli kjent med denne vesle familien. Dei skal enda eit år feire jul med ein tom stol rundt bordet. Pappa Robert blei bortført for si kristne tru då Abraham berre var 1 år. I år får dei hjelp fra kyrkja, som er blitt eit av mange Håpssenter i Syria. Åpne Dører støtter dette arbeidet, og er med på å spreie lys og håp til forfølgde søsken også denne jula. Det er vondt å feire jul når nokon manglar. Slik opplevast det både i Syria og her hos oss. Håvard Sveås har skrive ein nydeleg julesong om akkurat dette: «Han kom for deg òg». Den får du høyre i dagens program. Elles blir du oppfordra til å skrive ei helsing til Leah Sharibu si familie i Nigeria. Også dei skal feire jul i sakn etter si kjære datter, som blei bortført for snart 2 år sidan. Vil du lese meir om skrivekampanjen; kan du klikke her: https://www.opendoors.no/engasjer-deg/skriv-til-forfulgte/skriv-til-foreldrene-til-leah-sharibu