I dag er det kafètreff i Volda misjonsforsamling sine lokaler. Det er ein stad der ein kan kome å kjøpe seg rimeleg kaffi og mat, og ha det litt kjekt i lag. Randi Hamre er med som arrangør og i dag har ho invitert ein hemmeleg gjest. – Det er ikkje eit møte, men vi vil nok peike på Jesus på ein eller annan måte, fortel Randi Hamre. Dei håpar at dette skal vere eit lavterskel tilbod. Mat, quiz og utlodning står på programmet.
