Torsdag 23. september vert det «Kino-kveld» på Valle bedehus. Leiar i styret for bedehuset, Maria Elisabeth Brandal Berstad fortel at det er planlagt ein slik kveld kvar månad framover. Det var dei eldste damene på bedehuset som kom med forslaget om å ha kino på bedehuset, og no vil serien The Chosen verte vist på desse kveldane. Ein innhaldsrik kiosk vil vere åpen, og det vert lagt opp til samtale og sosialt samvær i etterkant av filmen.