Hillsong, Filadelfia Kristiansand og Norsk Luthersk Misjonssamband har dei siste vekene vore mykje omtalt i media med indre konflikter og uro. Det er ikkje uvanleg at konflikter oppstår på ein arbeidsstad, men kva utfordringar kan oppstå når konflikter skjer i kristne samanhengar?

-Den kristne kirke er opplært til å snu det andre kinnet til og vise gjestfrihet, og det kan bety nokon gongar at vi istaden for å ta opp ting direkte skyver det under teppet. Fordi vi er opplært til å vere snilde med kvarandre, og dette kan vere ein av grunnane, seier Arne Tord Sveinall, leiar for Institutt for sjelesorg ved Modum bad avd. sør og førstelektor ved NLA Høgskulen Gimlekollen, om kva som kan vere utfordringa når ei konflikt oppstår på arbeid i ein kristen samanheng.

Slekt og vennskap

Kjennskap, slekt og vennskap der stillingar og status delast ut er ikkje uvanleg i kristne samanhengar, sjølv om ein på ein arbeidsplass bør vere var på akkurat dette. I tillegg har ein ofte eit kall til ei teneste, og i ei konflikt er det farleg å nytte kallet som eit maktkort.

-I for stor grad synest eg ein tilsetter ektepar eller nær slekt i same arbeidssituasjon. Det som er ulempen med det er at det blir eit lite frirom for andre tilsette, i form av at ein då tenker at ein må ta hensyn til den eine eller den andre. Det er viktig å skape gode ordningar i fredstid, seier Sveinall.

Kallet til teneste

Kallet har ein sentral plass i ei kristen teneste, også i ein tilsettsituasjon. Korleis kan det bli ei utfordring om nokon er ueinig i ditt kall?

-Dersom ein brukar kallet som makt, eller påberoper seg Gud som autoritet for å få gjennom ei sak, då er det veldig komplisert, seier Sveinall.

-Ei viktig anstendig haldning er å lytte til kvarandre, og spør om eg har oppfatta riktig eller har eg misforstått noko? Det er alltid to historier som møtast når to personar møtast, seier Arne Tord Sveinall når han gir tips til korleis kristne samanhengar kan bli flinkare til å løyse det som kan bli ei konflikt på eit så lavt nivå som mogleg.

Høyr heile intervjuet på Radio Sunnmøre.