Tysdag kveld fekk barne -og familieminister Kjell Ingolf Ropstad eit Tett på møte med engasjerte og dyktige leiarar på Sunnmøre, frå ulike bedrifter, etatar, skular og bedehusland.

Fleire av dei frammøtte satta ord på at det er viktig at Kristeleg Folkeparti (KrF) held høgt dei kristne verdiane.

-Det eg opplevde som ein tydeleg beskjed er at dei kristne verdiane er det viktig å halde fram å bygge landet på, seier barne -og familieminister Kjell Ingolf Ropstad i eit intervju med Radio Sunnmøre.

Høyr intervjuet på Radio Sunnmøre.