Kjetil Fyllingen, dagleg leiar i omgud.net.

Den 5. september kl.12.00 lanserer Tro & Medier ein ny videoserie med Egil Svartdahl.

Lanseringa blir markert på standen til omGud.net i Storsalen under Link 2018.

Videoserien har fått namnet «Velkommen hjem» og består av 6 videoar der Egil Svartdahl deler av si historie og tek opp nokre sentrale tema som tru, håp og frelse.

– Dette er noko eg har drøymd om i fleire år. Vi har sett at tidligare nettkurs har leia menneske til tru, men vi meinar at både innhald og verktøy har haldt oss litt igjen. No har vi både verktøy og innhald som held høg kvalitet og vi er overbevist om at vi er der vi skal vere, seier Kjetil Fyllingen, leiar i omGud.net.

Videoane blir å finne på omGud.net, der ein også kan melde seg på eit eige nettkurs og få oppfylging av ein e-coach.

Vi håpar og trur at denne serien skal vere med å ynskje menneske i Norge «Velkommen hjem» til sin himmelske Far.

Vi ynskjer å føre søkande menneske frå nett og inn i ei levande forsamling.

Høyr intervjuet med Kjetil Fyllingen HER.