Endeleg var det lov å gjennomføre leir igjen og laurdag 6. mars var 22 born og 5 leiarar samla til Dagsleir/MINI-leir på Brusdalsheimen. Trass strenge smittevernsreglar vart det ein kjempekjekk dag. Vi i Radio Sunnmøre var tilstades på leiren, og her snakka med leirsjef Hilde Sofie Blindheim Østrem. Du får også møte Nikoline Hatløy og Erle Rødseth Farstad. Vi har sjølvsagt også snakka med dei tre gutane frå Ellingsøya, (Benjamin Vartdal Espelund, Olai Bjørke og Joakim Haram) som vart kåra som vinnarar av sporløpet.