Møre Barne – og ungdomsskule Skodje leitar etter nye skulelokale. Skulen har fleire gongar fått nei frå Ålesund kommune om eit permanent skulebygg i Brusdalen. Kommunen har også sagt nei til ein intensjonsavtale om å samarbeide med skulen om å finne nye lokale. Rektor ved skulen, Hilde Renate Sætre Nes, fortel at dei no er i gong med å leite etter nye lokale. Per no har dei ingen plan om kvar dei skal flytte eller ledig tomt. Skulen har fått dispensasjon til to år til og har den tida å finne ein ny stad for skuledrift.
Høyr heile intervjuet med rektor Hilde Renate Sætre Nes.
