I år er det 100 år sidan 2 1/2 år gamle Erling Rønneberg gjekk seg bort i fjella i Nordal. Fleire hundre menneske leita etter han utan at guten vart funnen. Jordmora i bygda samla folk i bøn om at guten skulle bli funnen i live. Om natta såg bygdefolket eit stort og sterkt lys langt oppe i fjellet, og neste morgon fann dei Erling akkurat der lyset hadde vore. Han var kald og bevistlaus men i live. Han kom frå hendinga utan eingong å verte forkjøla. Nokre år seinare var Erling ombord på hurtigruteskipet Irma når det vart torperdert og sokk på Hustadvika. Vi har hatt besøk i studio av Frode Rønneberg. Erling var onkelen hans, og her får du høyre historia om lyset i Nordal og om korleis dette sette sitt preg på familien og bygdefolket.