Mange hundre deltok under fakkeltoget i Ålesund måndag kveld, for å vise sin solidaritet for forfulgte barn og unge.

Det var rundt 350 personar som møtte fram til fakkeltog i Ålesund i går kveld, då Åpne Dører og Stefanusalliansen arrangerte fakkeltog for forfulgte barn og unge.

Flora(19) som sjølv har flykta frå Irak på grunn av si tru vart intervjua av Victor Haram då ho gjekk i fakkeltoget.

Du kan høyre intervjuet HER.

Etter at fakkeltoget hadde gått i frå Kiperviktorget i Ålesund, enda det opp i Ålesund kyrkje der ungdomskoret Respons song, og informasjon om forfulgte barn og unge vart gitt.

Høyr intervjuet med Linda Askeland, informasjonsleiar i Åpne Dører, som var i studio før fakkeltoget gjekk. Høy HER.