Karl-Johan Kjøde, generalsekretær i NKSS.

  • Det gledelege er at eit einstemmig Storting gjekk for innstillinga til Utdannings -og forskingskomiteen, som seier blant anna at dei ynskjer å sikre barne -og ungdomsorganisasjonar sin tilgong til skular og offentlege bygg, fortel Karl-Johan Kjøde, generalsekretær i Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag. (NKSS).

Bakgrunnen er at NKSS og 91 andre medlemsorganisasjoner i LNU (Landsrådet for barne- og ungdomsorganisasjonar) ikkje får tilgong til å bruke skulerom og andre offentlege rom til sine formål.

I mars fremma KrF eit representantforslag i Stortinget der dei ba «regjeringa utarbeide nasjonale retningslinjer for barne- og ungdomsorganisasjoners tilgang til bruk av skoler og andre offentlige rom».

Generalsekretær i NKSS er framleis avventande til kva resultatet av dette forslaget blir.

Høyr intervjuet med Kjøde her: