Det var 36 born samla då ImF Ung Sunnmøre gjennomførte Mini-leir / Dagsleir på Brusdalsheimen laurdag 18. juni. Frå kl. 1100 – 2030 gjekk det i eit med program, og her var det ikkje mange pausar. Vi tok ein prat med tre nøgde gutar som kunne fortelje at dei hadde vore på leir mange gongar før. Vi snakka også med med Hanna Dolores Solheim Børdal som no var med som leiar, men som fortel at ho omtrent har vakse opp på leir på Brusdalsheimen.