Møre Ungdomsskule Giske er under etablering, og vert den fjerde Møre-skulen på Sunnmøre. Søknad om godkjenning til drift er under arbeid, og ein planlegg oppstart for 8. og 9.trinn hausten 2022. 

Engasjementet rundt ein ny Møre-skule i Giske er stort, og torsdag 21.oktober vert det halde eit informasjonsmøte for alle nysgjerrige og interesserte på Ytterland. Skulen frir til elevar frå både Godøya, Giske, Vigra, Valderøya, Ellingsøya og omegn.

Ingrid Kvam Steinshamn er prosjektansvarleg for skulen, og ho har tidlegare vore med å etablere blant anna Møre barne -og ungdomsskule Skodje i Brusdalen. Høyr intervjuet med Steinshamn på Radio Sunnmøre.