Denne veka har Møre Ungdomsskule Hatlehol misjonsprosjektveke, og har satt seg som mål å samle inn 100.000 kroner til NSP AID sitt arbeid i Kenya.
Tre av elevane ved klasse 9B ved Møre Ungdomsskule Hatlehol har vore i studio, Nikolai Hanken Yksnøy, Louise Undertun Aarhus og Håkon Humblen. Dei fortel i eit intervju om korleis dei planlegg å samle inn pengar til misjonsprosjektet denne veka, og også korleis arbeidet dei har høyrt om til NSP AID i Kenya pregar dei.