Det er eit paradoks at kristne menneske vert forfulgte for si tru også når dei gjer gode ting mot sine medmenneske. I denne episoden av Dei forfulgte kristne får vi høyre om ei jente i ein muslimsk familie som tok imot Jesus og fekk livet sitt forandra. Dei andre i familien opplevde at ho vart meir hjelpsam og venleg enn før, men når dei fekk høyre at ho hadde teke imot Jesus kaste dei ho ut av heimen sin. Stig Magne Heitmann har også nokre gode råd om korleis vi som kristne skal opptre på sosiale media når vi opplever at trua vår vert angripe.