Rett under tredve elevar har i haust starta på den heilt nye folkehøgskulen på Sjøholt. Sjøholt Folkehøgskule er einaste folkehøgskule i landet som er for elevar frå 16 år som treng ei pause før dei startar på vidaregåande skule, og vi tok ein tur for å ta ein prat med nokre av elevane som har benytta seg av denne moglegheita. 

Isak Solheim Engelsen (16) frå nabofylket var ikkje klar for vidaregåande skule og trengte ei pause. No har han starta på Gaming, E-sport og aktivitet ved Sjøholt Folkehøgskule. Ulrik Hovland (17) frå Sørlandet prøvde seg nokre månader på vidaregåande skule og fann ut at det ikkje noko for han enno, så no går han på Multisport ved fokehøgskulen og trivast godt. Høyr intervjuet med desse to elevane på Radio Sunnmøre.