I vekas episode av serien Sjømannspresten tek vi årets fyrste prat med sjømannsprest Annstein Lothe. I Thailand er også smitten av Covid aukande, og det set sitt preg på arbeidet. Det er ikkje like enkelt å få besøke nordmenn som ligg på sjukehus, og det er heller ikkje ope utan restriksjonar i kyrkja. 

Likevel kan Lothe fortelje om gode møter med enkeltmenneske, og han ser stort på det å få vere der for den enkelte som har behov for hjelp eller eit møte med dei som arbeider i Sjømannskyrkja. Også ein barnedåp på stranda fekk dei delta på no etter jul, og det er heller ikkje kvardags.