Førstekandidat for Kristelig Folkeparti i Møre og Romsdal, Harry Valderhaug mista plassen på Stortinget etter at valresultatet var klart. I løpet av valkvelden var han inne og ute av Stortinget etterkvart som stemmetal og prognoser svinga. Til slutt havna KrF under den såkalla sperregrensa og det vart ikkje plass på Stortinget for Valderhaug. I ein open og ærleg samtale med Radio Sunnmøre fortel han om sin skuffelse og sorg over å ikkje kome inn på Stortinget, og deler nokre av sine tankar om vegen vidare både for hans eigen del og for partiet han er ein del av.