Ein halv time etter at Zeth Ben Haim gjekk av vakt, vart dei som avløyste han drepne av terroristar frå Gaza-stripa. For Te’ena Ben Haim og familien hennar i Jerusalem er ikkje terror noko som berre skjer langt borte, det har fleire gongar vore faretruande nært. Nesten 27 000 menneske har mista livet enten gjennom terrorangrep eller som soldatar i den Israelske hæren dei 73 åra Israel har eksistert.