Korleis er det å vere ein av dei som kjem opp i muntleg avsluttande eksamen? Vi fekk vere med Christian Myklebust Shimeles, avgongselev ved Vestborg vidaregåande skule, då han skulle opp i muntleg eksamen onsdag 18. juni. Han er no ferdig med tre år ved skulen og skal vidare til Bildøy bibelskule. Myklebust Shimeles, frå Sykkylven, har berre gode ord å fortelje om skulen etter tre år, og legg stor vekt på at han har fått vokse som person og blitt tryggare i si kristne tru.