Foto: kpk

Foto: kpk

Den norske kyrkje (Dnk) har laget ei elektronisk sjølvbeteningsløysing der ein kan sjekke medlemsstatusen sin og melde seg inn eller ut. Den norske kyrkje har omkring 73 prosent av befolkninga som medlemer.

– Med 3,8 millionar medlemer treng kyrkja enkle og gode ordningar for å halda medlemsregisteret ajour. Derfor har Kyrkjerådet no lagt til rette for at den einskilde sjølv kan nytte bank-id eller annan elektronisk identifikasjon og rette feil direkte i databasen til medlemsregisteret. Gjennom id-porten er det opna både for innmelding i og utmelding av kyrkja, seier direktøren i Kirkerådet, Jens-Petter Johnsen i ei pressemelding.

Møter kritikken

Den norske kyrkje har i fleire år blitt kritisert for feil og manglar i medlemsregisteret sitt. I ei pressemelding seier kyrkja at det framleis finst feil i registeret.

– Nylege endringar i kirkelov og forskrift om innmelding i og utmelding av Den norske kyrkje er i hovudsak gjort med tanke på innføring av nettbaserte løysingar for inn- og utmelding, skriv Dnk.

På den nye id-portalen må ein logge seg inn slik ein for eksempel gjer i ein nettbank. For å bli registrert som medlem av Den norske kyrkje må ein vere døypt.

Teknisk tryggleik

Ifølgje Dnk gir den nye id-porten brukaren dokumentasjon på dei elektroniske handlingane gjennom attestar som kan lagrast og skrivast ut. Samtidig blir det sendt melding til det aktuelle soknet om dei innmeldingane og utmeldingane som er gjort gjennom nettløysinga.

– Den tekniske tryggleiken rundt id-porten tilfredsstiller krava til trygg behandling av personsensitive opplysingar, skriv Dnk.

Det vil framleis vere mogeleg å melde seg inn eller ut på gammalmåten også.

– Den nye løysinga er eit supplement til andre måtar å melde seg inn i eller ut av kyrkja på, skriv DNK

Det vil seie at folk stadig kan sende spørsmål om utmelding til det lokale kyrkjekontoret og desse blir behandla på same måte som tidlegare. KPK