Nord Korea: «Gud gir oss sann fridom!»

I dette programmet dveler Olaug Lillian Bjørke med orda Fred & Fridom. Det er mai, og i Noreg feirar vi fridomen vår med takksemd og glede! Men går det an å oppleve fred og fridom, sjølv om du bor i eit land der dette – ytre sett – er fråverande? Bli med til Nord Korea og Syria, og få eksempel på korleis det går an å leve i fred og fridom der ein skulle tru det motsette var tilfellet. «Gud gir oss sann fridom! Til og med når vi kjenner oss undertrykte og desperate, så set Sanninga oss fri», seier ein kristen nordkoreanar.Dette er ord til ettertanke. Kva med oss som seier vi bur i den frie verda – er den no verkeleg så fri som vi vil ha det til? Broder Michael* frå Egypt utfordrar oss på dette, og han har noko viktig å lære oss. Lytt til programmet og bli inspirert! Du får også høyre Sentrums si nydelege tolkning av songen «Frihet».