Sidan tidleg på 2000-talet har Runar Bang skrive barnebøker for IKO-forlaget. Det heile starta med då Bang arbeidde som kateket og han innsåg at ein i kyrkja berre delte ut ei bok når borna er 4 år og eit nytestamente til 10 åringar. Dette er ein del av dåpsoppfylgjinga i Den norske kyrkja. Runar Bang satte då i gong med å skrive bøker som kunne passe frå 6-7 års alderen og oppover, og at borna i desse bøkene kan lære ulike bibelhistorier som har relevans også i dag.

I serien om Xander i boka Lys våken så får han høyre historia om Samuel som då relaterast til hendingar han opplever i kvardagen. Ny bok i serien er under produksjon, men det er ikkje fastsatt når den boka kjem på marknaden.

Høyr heile intervjuet med Runar Bang.