Ny dagleg leiar er tilsett på Orreneset Misjonssenter. Sondre Bårnes har takka ja til stillinga frå 1. august 2026. Han er son til Anbjørg Bårnes, som går av som pensjonist i sommar, og fortel på Radio Sunnmøre at han har vakse opp på leirstaden. I 2018-2021 var Sondre Bårnes tilsett på Orreneset Misjonssenter før han og familien flytta til Egersund. Etter eit år kom dei heimatt til Sykkylven og han har dei siste åra vore tilsett i Møre Trafo. Bårnes er utdanna bakar, og han ser fram til å starte som dagleg leiar på Orreneset Misjonssenter 1. august.
Høyr heile praten med den nye daglege leiaren, Sondre Bårnes, på Radio Sunnmøre.
