Arild Ove Halås, ny programleiar i Kaffipausen kl.1200 og i Kveldstimen kl.2100 på Radio Sunnmøre.

Frå og med onsdag 14. august får du høyre vår nye programleiar, Arild Ove Halås, i Kaffipausen kl.1200 og i Kveldstimen kl.2100. Det siste halvåret har du høyrt Halås i Radio Sunnmøre sine sendingar med fleire flotte intervju som han har gjort når han har vore rundt om på ulike arrangement.

Endringar

Det har vore nokre endringar i personalsituasjonen i Radio Sunnmøre dei siste par åra, både av personalmessige og økonomiske grunnar. Det siste året har radioen hatt 1,2 årsverk tilsette, og Victor Haram, som det siste året har vore inne i ei 20 % stilling, går no heilt ut. Frå og med 1. september i år vil Radio Sunnmøre ha ein tilsett i 100 %, dagleg leiar Ragnhild Kristine Vartdal Espelund, og i tillegg vil vi leige inn Arild Ove Halås frå IMF Sunnmøre i 20 %.

Arild Ove Halås starta i IMF Sunnmøre hausten 2018 som forkynnar og administrasjonsmedarbeidar. I Radio Sunnmøre sine sedningar vil du få høyre han som programleiar i Kaffipausen kl.1200 og i Kveldstimen kl.2100. I tillegg i innslag og intervju. Vi ynskjer Halås hjarteleg velkomen.