I ei ny samfunnsfagbok, Arena, utgitt av Aschehoug Undervisning i 2020, skal 10 og 11 åringar i 5. klasse lære om å kjenne på følelsar rundt sin eigen seksuelle identitet. Spørsmål som; -Veit du heilt sikkert kva som er din seksuelle identitet, eller lurer du litt, skal born no i 5.klasse kunne svare på. Korleis kan eit born som knapt veit kva seksualitet betyr, kunne svare på noko slikt utan at det skapar større forvirring framfor tryggleik på eigen person?

Radio Sunnmøre har tatt ein prat med lektor ved Wang Toppidrettsgymnas i Stavanger, og forfattar av boka “Normløst-Hvordan radikal kjønnsteori erobret Norge”, Kjell Skartveit. Han har også vore med å skrive Det kristne verdensbildet saman med Kjell J. Tveter. 

I fleire år har Skartveit engasjert seg i tematikken, og halde foredrag om korleis kjønn og seksualitet blir formidla i barne- og ungdomsskular i Noreg. Han er ikkje overraska over at dette no kjem i skulebøker for born, og synest reaksjonane mot dette no kjem for seint.

Dei siste åra har ein skulen fått forbud mot å forkynne i undervisninga, då særskilt i KRLE-faget.

-Det som skjer no er forkynning av postmodernisme, ei politisk tenkning av verkelegheita, at det ikkje finnes ei sanning. Det er ei ateistisk verkelegheitsoppfatning. Elevane blir undervist i ei anna tru, seier Skartveit. 

Høyr heile intervjuet med Kjell Skartveit på Radio Sunnmøre.