Frå og med i dag sender Radio Sunnmøre ein ny serie, ein bibelpodkast laga av Kjetil Fyllingen på Lekendelett podcast. Kvar måndag deler han litt av sine oppdagingar i Bibelen i våre radiosendingar. I dei fyrste episodene går Fyllingen gjennom litt av Markus-evangeliet. Etter nokre veker har podcasten til Fyllingen vorte svært populær og også gått forbi NRK sin eigen Verdibørsen på iTunes si liste over podcaster folk flest lyttar til.

Høyr intervjuet med Fyllingen om kvifor han har starta denne type podcast, og om korleis denne podcasten raskt har vorte populær.

Kjetil Fyllingen, dagleg leiar i omgud.net. Han har starta bibelpoden på lekendelett.net.

Høyr intervjuet HER.

 

Klarar du ikkje å vente til neste mandag med å høyre podcasten, så finn du heile på lekendelett podcast HER.