Til hausten inviterer Bjorliheimen Fjellhotell til eit nytt bibelskulekonsept. I fleire år har Misjon Sarepta hatt konseptet i Spania, men no ynskjer dei å arrangere ein revidert bibelskule med base på Bjorli. Bibelskuleåret startar på Bjorli, men vil også halde til i Spania og turar til andre land i løpet av året.

Høyr heile intervjuet med Arild Meberg, dagleg leiar ved Bjorliheimen Fjellhotell, om det nye bibelskulekonseptet.