I episode 24 i vår serie «Johanne på Madagaskar» får vi høyre at fleire sponsorar vurderer å trekkje støtta til det bibelomsetningsarbeidet som Johanne Leinebø står i. Samstundes er vilja stor lokalt til å fortsette arbeidet, og ein har mellom anna fått ei gåve på over ein million kroner frå Tyskland. Vi får også høyre om den store gleda folk opplever når dei for første gong høyrer at Gud talar deira eige språk. Går alt etter planen blir det snart tur ut igjen til Madagaskar også for Johanne Leinebø.