Harry Andersen

Harry Andersen

Olav Sævik

Olav Sævik

Olav Sævik er samtalegjest i kveldsmessa i Herøy kyrkje søndag kveld. Dersom ordet «bedehushøvding» framleis er i bruk, må det kunne nyttast om Olav Sævik. Han har vore pytt og panne på Remøy Bedehus i årtier, og han er det framleis. Olav Sævik “kom med”, som det heiter på bedehusspråket, under ei vekking på Remøya på 60-talet, og har brukt svært mykje av fritida si på aktivitetane på bedehuset i heimbygda. Som dei fleste på Remøya  hadde han arbeidsdagen sin på sjøen, som skipper både i fraktfart og i supplyfart, før han gjekk i land og vart lærar for ungdom som skulle lærast opp til å greie seg på sjøen.