Ole Lilleheim

I dette programmet samtaler Olaug Lillian Bjørke med Ole Lilleheim, forkynnar og informasjonskonsulent i Åpne Dører. Fokus er på Kina; eit land der Åpne Dører har ei historie heilt tilbake til midten av 1960-tallet. Kristne i Kina har vore under hard forfølgjing, men trass i dette har landet opplevd store vekkjingar. Etter nokre år der regjeringa har løsna grepet om den kristne minoriteten, har lokale autoritetar under president Xi Jinping byrja å legge ei meir restriktiv linje som avgrensar kyrkja sin fridom. Det hardnar til, og Kina er verkeleg eit land å følgje med på i så måte. Samtidig er det store variasjonar innad i landet. Det blir sagt at «Alt du høyrer om Kina, er sant» – og Lilleheim gir oss nokre døme på korleis forholda for dei kristne varierer frå provins til provins. Han har besøkt landet fleire gongar, seinest i fjor vår. I intervjuet deler han frå denne turen, og det er rørande å høyre kor takknemlege kristne kinesarar er for at Noreg gav dei evangeliet.  «Fortsett å be for Kina», er Ole Lilleheims oppfordring. Samtidig ber han kristne i Noreg om å la seg inspirere av kinesarane si takksemd og deira frimod på evangeliets vegne.

Høyr heile programmet HER.