Om oss

Radio Sunnmøre har to tilsette:

Dagleg leiar i Radio Sunnmøre, Ragnhild Kristine Vartdal Espelund.

Arild Ove Halås – Programleiar i 50 % –

Radio Sunnmøre er ein nisjeradio som sender musikk, andakter og produserer intervju frå misjon, bistand og kyrkje knytta til Sunnmøre. Vi legg vekt på dei kristne grunnverdiane og det kristne livssynet.

Radioen endra namn frå Radio Sentrum til Radio Sunnmøre 1. mai 2015.

Radioen hadde si fyrste sending 8. januar 1985 med då 2 timar per veke. I dag sender radioen 73 timar per veke på FM og DAB, og 24/7 på webradio og via appen Radioplayer.

Radio Sunnmøre har to tilsette, samt mange frivillige som stiller opp. Sidan radioen er drifta på økonomiske bidrag frå givarar, arrangerer radioen fast kvart år RadioGiv, Radiomesse og eit lotteri til inntekt for drifta av radioen. I tillegg sender radioen ut tre lyttarbrev årleg med muligheit for å støtte radioen.