Ørsta bedehus 50 år

Ørsta bedehus 50 år i 2019.

I over 50 år har Åse Rigmor Ose vore engasjert i indremisjonen, og ho har vore med på bygging og overflytting til nytt bedehus i Ørsta for 50 år sidan som skal markerast i år.

I september er det akkurat 50 år sidan Ørsta bedehus (dagens hus) vart bygd og vigsla. Søndag 29. september kl.17 skal dette markerast på bedehuset under Radio Sunnmøre sitt Song -og musikktreff på Ørsta bedehus.

Høyr intervjuet med Åse Rigmor Ose som har vore med i arbeidet på bedehuset alle desse åra.