Dei budde aust i Tyrkia, Semse og Nacati Aydin. Dei brukte mykje av tida si til å fortelje andre om Jesus og slik dele den trua som var så viktig for dei. Nokre muslimske gutar kom og ville ha bibelundervisning av Nacati. Det enda med at dei knivstakk han til døde. Vi blir med Stig Magne Heitmann på besøk til Semse og dei to små barna hennar, nokre veker etter at pappa er drepen. Dette er noko av det du får høyra i vårens siste episode i Dei forfulgte kristne.