Ei gruppe på 28 personar er for tida på sykkeltur i Nederland i regi av Plussreiser. Kvar dag legg dei ut på ein etappe på 4-6 mil før dei går ombord i crusiebåten «Nordmandie» om kvelden for middag, sosialt samvær og ei god natts søvn. Neste dag segla båten vidare på elver og kanalar til ei ny havn, mens gruppa syklar den same ruta gjennom det flate landskapet. Vi fekk tak i reiseleiar Aud Kindervåg Halsne og to av hennar gjestar medan dei hadde pause på ein lokal kafe.