I påskeveka får du heile døgnet gode program på Radio Sunnmøre. For å nemne nokre av dei, så vil du i morgonsendingane kl.09-10 og kl. 15-16 mandag til fredag få eit atthøyr med påskeprogramma frå 2022. I programma har vi med oss ulike gjestar som delar frå sitt trusliv. Geir Henning Tunheim, Irene Bergene Solheimslid, Paulina Foks, Jan Bjørge og Ole Per Storhaug, har alle ei sterk historie der dei delar frå sitt eige liv. I tillegg vil du i desse programma få høyre om kva som står i Bibelen om akkurat det som skjedde i påska.

I Kaffipausen kl. 12-13 vil du mandag til fredag få Vindu mot livet med Johnn Hardang, i tillegg til at du får ei reportasje eller to frå inn og utland. Og kl. 17-18 får du Ettermiddagstimen med intervju, andakt og vegen gjennom Bibelen.

I programmet I fokus vil du måndag og torsdag kl.13 få møte Randi Fagerhol Lauvås, som med sin diktlesning og eit utval av songar vil leie oss gjennom påska i ord og tonar.

I tillegg til dette kan du om du lyttar til Radio Sunnmøre via Radioplayer eller internett, kunne lytte til programmet Oppstandelsen med Tor Haavik og Lars Dahle, kl. 10 og kl. 16 kvar dag.

Dette og mykje meir får du på Radio Sunnmøre i påska. Vi ynskjer deg ei rikt velsigna påske – Der du er!

Lytt HER.