Dette er andre programmet der Olaug Lillian Bjørke deler frå sitt møte med pastor Jamal frå Libanon. Han leier ei evangelisk kyrkje som driv eit omfattande arbeid blant syriske flyktningar. I dette programmet får du høyre meir om fruktene av dette arbeidet; vekkelsen blant muslimar. Du får høyre om ei mor som kom til tru på Jesus saman med dei 4 barna sine, etter at dei hadde bedt si første bøn i Jesu namn. Du får også høyre om ein som fann Sanninga i Jesus, etter å ha lagt bak seg mange års studiar innan islam. Og etter at Duvald har sunge «Att lämna allt», deler vi historia om IS-prinsen som blei ein etterfølgjar av Jesus. «Det er Gud som arbeider», seier Jamal med overbevisning; «og vi får vere med på det store han gjer!»

Høyr programmet HER.