Pastor Jamal: «Dette er gullalderen i tenesta vår»
I dette programmet deler Olaug Lillian Bjørke frå sitt møte med Pastor Jamal* frå Libanon. Du får høyre om kyrkja hans som starta for 15 år sidan med berre nokre få medlemmar. I dag er dei ei stor menigheit som driv eit omfattande arbeid blant syriske flyktningar. Vegen dit har vore utfordrande, men dei har heile tida opplevd Guds leiing og at han sørger for dei. «Det er Herren som arbeider, og vi får vere med på det store han gjer», seier Jamal med overtyding. I programmet får du høyre «Kjærligheten seirer», henta frå albumet «Perleporten» med Trond Erics. Pastor Jamal si menigheit har verkeleg nådd ut med Guds kjærleik, og det har fått stor betydning for syriske flyktningar. La deg inspirere av desse gode nyheitene frå Midtøsten!

Høyr vekas program HER