Med utgangspunkt i den over 900 gamle kyrkja på Giske vil sokneprest Benjamin Bjørnsen Anda i sumar tilby små pilgrimsvandringar rundt på Giske.  Dette er forholdsvis korte turar slik at alle som vil kan delta. Undervegs blir det lese frå Bibelen og det vert lagt inn små stopp kor ein ser etter spor av Gud i naturen. Pilgrimsvandringane vert avslutta med pilgrimsbøn i kyrkja. Du er velkomen til å vere med, kvar torsdag gjennom heile sumaren.