22.-24. oktober er det klart for årets PIT STOP, og i år er det Emblem bedehus som står som arrangør. Dette er eit stort og innhaldsrikt arrangement for tenåringar og ungdom. Det vert seminar med Bildøy Bibelskole, konsert, ungdomsmøte med meir. Joakim Solbakken frå “Laget” er årets talar. Vi har teke ein prat med Ole Andreas Høyberg som er med å arrangerer årets PIT STOP.