Populært formiddagstreff i Langevåg

Åshild og Petter Alnes, trufaste frammøtte på formiddastreffet i Langevåg.

Annakvar torsdag er det formiddagstreff i Langevåg, og det er eit svært populært treff. Åshild og Petter Alnes er trufaste på formiddagstreffet, og Petter kan fortelje at maten er eit sentralt trekkplaster. Mat kan dei på Langevåg bedehus.

Lars Erik Nesseth, primus motor for formiddastreffet.

Lars Erik Nesseth har brunne for formiddagstreffet i mange år, og han kan fortelje at det i 2018 var gjennomsnitteleg 70 personar som møtte. Forrige torsdag var det nyttårsfest, og då var det sjølvsagt koldtbord i tillegg til både andakt og musikalsk innslag.

Høyr intervjuet Arild Ove Halås gjorde på formiddastreffet torsdag 10.januar: