Glenn

Glenn Vorhaug på saxofon.

Første helga i mars kjem sunnmøringen Elisabeth  Lillebø Sæth med proffe musikarar til Sunnmøre for å halde konsert for kvinnprosjektet Prosjekt Hanna. Eit radioprogram som sendast i 127 land verda over, for å fortelje undertrykte kvinner om håp og liv, for i dag og evigheita.

Elisabeth Lillebø Sæth er koordinator for Prosjekt Hanna i Noreg for Norea Mediemisjon. Saman med søstera Anne Birgitte Lillebø med song, Glenn Vorhaug på saxofon, Merethe Bø på fløyte, kjem Elisabeth til Sunnmøre med ein flott konsert med eigenkomponerte songar, andre songar og forteljingar som skal til å informere fleire om kvinneprosjektet.

Fredag 4. mars kjem konserten til Misjonssalen Ålesund.

Laurdag 5. mars kjem konserten til Årseth Bedehus på Ellingsøya.

Høyr intervjuet med Elisabeth Lillebø Sæth: