Oddgeir Bruaset er ute med ei ny bok om jula. Denne gongen har funne fram til historia som ligg til grunn for at dei aller fleste av oss har eit tre inne i stua til jul.

«Du grøne, glitrande» er tittelen på boka som går tilbake 500 år i historia, for å finne historia til ein av våre kjæraste juletradisjonar.

Det første juletreet vart reist og pynta i Alsace på 1500-talet, og for knapt to hundre år sidan kom tradisjonen til Noreg. Boka syner at treet vart det fremste kristne julesymbolet, fortel Bruaset.

Han er sjølv veldig glad i juletretradisjonen, men ein ting er sikkert, treet skal absolutt ikkje pyntast før lille julaften!

ps.Oddgeir Bruaset blir med på Stjernedryss i adventstid på Gomerhuset laurdagskvelden. Her møter du også Marit og Irene saman med Johan Halsne

Høyr intervjuet her: